Teknisk sjef Arne Runar Vik er ikkje imponert over sommarvedlikehaldet til Statens vegvesen i Sjøgata. Han har difor lagt fram ei sak om dette for teknisk utval, som har møte torsdag 23. august. '

Sjøgata-prosjektet stod ferdig på slutten av 2014. Kommunen og private betalte bortimot halvparten av anleggskostnadene for prosjektet, fylkeskommunen for resten. Det er Statens vegvesen som har ansvar for vedlikehald av desse areala.

Odd Kåre Wiik, avdelingsleiar drift og anlegg i Ulstein kommune, orienterte litt om dette på møtet teknisk utval hadde i juli. Vik skriv at det vart registrert personell i første halvdel av juli som var der i Sjøgata og luka, men han meiner at det ei prinsipiell sak der det bør liggje eit politisk fatta vedtak til grunn.

- Når blomsterbedd i den mest sentrale gata i sentrum av Ulsteinvik står overgrodd av ugras, er det mange som reagerer. Det ser ikkje bra ut, og det vert retta kritikk mot kommunen då folk ofte ikkje kjenner til ansvarstilhøva for drift av offentlege område, skriv Vik til teknisk utval.

Slik det er laga til no er det mange bed å luke ugras i langs Sjøgata. Kommuneadministrasjonen rår til at det blir halde møte med vegvesenet om saka der utgagnspunktet er at anlegget skal haldast ved like som det er no. Om det er urealistisk, kan det vere eit alternativ at nokre av grøntområda blir sådd plen i. Kommunen er også open for å tilby seg å vedlikehalde grøntområda langs Sjøgata, men då må kommunen få kompensert for det. Men primært ber dei altså om at anlegget blir som i dag, og at det blir betre halde vedlike.