– Det er ikkje akseptabelt at Haddal Idrettslag skal tape 615 000 kroner på den nye kunstgrasbanen på Solsida stadion fordi det er avsett for lite pengar til momskompensasjonsordninga, seier Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Senterpartiet.

Idrettslaget har søkt om 1 303 812 kroner, men fordi det er for lite pengar i den statlege potten, er tildelinga berre på 745 709 kroner.

– Det er kritikkverdig at regjeringa ikkje vil stille med dei pengane som skal til for å dekkje momskompensasjonen til idrettsanlegg landet rundt, seier Klinge. Ho viser til eit svar kulturminister Widvey har gjeve om at regjeringa ikkje vil vurdere ordninga på nytt.

– Det er avgjerande at idrettslaga kan kjenne seg trygge på dei ordningane som finst. Vi politikarar må vera føreseielege, og dette som har skjedd no var anna enn føreseieleg. Pengane må rett og slett på plass.

Klinge fortel at Senterpartiet vil gjera framlegg om ei tilleggsløyving i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2014. Dette vil løyse problemet for Haddal IL og for veldig mange andre idrettslag både her i fylket og i resten av landet.

– Vi i Senterpartiet er veldig opptekne av breiddeidretten, og gode idrettsanlegg er sjølvsagt vesentleg. Eg forventar at vi får stortingsfleirtalet med oss på dette framlegget. Den momskompensasjonsordninga for idrettsanlegg vi talar om her, var det den raud-grøne regjeringa som innførte i 2010. Ordninga har verka stimulerande for å få på plass nye og betre anlegg, fortel Klinge.

Bakgrunn:

•         For 2014 er det løyvd til saman kr 64,9 millionar til denne ordninga. Det er levert godkjende søknader for til saman 113,8 millionar. Det innebær at desse søknadene vil bli avkorta med 42,9% .

•         Difor må det vedtas ei tilleggsløyving på 48,9 millionar for 2014 i inneværande årsbudsjett i samband med nysalderinga.