Fosnavåg-reiarlaget Havila Shipping har inngått ei kontrakt med Petrobas på fire år for plattformforsyningsskipet Havila Favour. Med denne avtalen har Havila så langt i 2014 inngått kontraktar for nærare 1,5 milliardar kroner. Selskapet har no ei kontraktsmasse på fire milliardar kroner, pluss to milliardar kroner i opsjonar.

Driftresultatet i fjor vart det beste i histioria til det elleve år gamle reiarlaget. Etter dei to første kvartala i 2014 ligg selskapet godt an i høve til i fjoråret og Havila ser optimistisk på både 2015 og 2016.

Administrerande direktør i Havila Shipping, Njål Sævik, er fornøgd med at selskapet etter fleire år med store investeringar i ein ny og moderne flåte no kan ta til med å hauste av den omfattande satsinga.

- Eg er svært nøgd med at at vi sikrar oss lange og lønsame kontrakter i ei turbulent tid i energimarknaden. Dei siste åra har vi hatt nokre viktige mål. Eitt av dei er å ordne oss slik at vi kan utbetale utbytte til eigarane våre. Slik det ser ut no, ligg det an til at vi kan gjere det i år, seier Sævik.

Havila Shipping ASA vil presentere resultatet for 3. kvartal 22. oktober.