- Situasjonen i Nepal er prekær. Hundretunsen barn opplever no situasjonar vi ikkje kan skildre. Sorg, redsle og utryggheit, seier Anne-Lise Ørstavik i Ørsta, som jobbar for organisasjonen Redd Barna.
Ho opplyser at Redd Barna har arbeidd i Nepal i mange år, og at dei har medarbeidarar i landet. Organisasjonen er på plass med vatn, hygieneutstyr og husly.
- Vi må alle vere med å hjelpe menneske som har kome ut for ei slik naturkatastrofe. Redd Barna har ein konto i Ørsta som vil overføre midlar som kjem inn kvar veke, opplyser Ørstavik.
Kontoen er: 3992 6022869. Det går også an å sende pengar over mobil. Send: STØTT NEPAL TIL 2434 og gi kr. 200,-.