Fylkeskommunen lanserer no ei ny nettside, frammr.no.

"Dette blir portalen for alt reisande treng å vite for å reise med kollektivtrafikk i Møre og Romsdal. Her finn du ein reiseplanleggar, ruteinformasjon om buss, hurtigbåt og ferje og her kan reisande bestille og fylle på reisekortet sitt via ein ny nettbutikk." heiter det i ei pressmelding frå Møre og Romsdal Fylkeskommune.

– Vi er stolte over å kunne lansere ei forbetra nettside med ny struktur og design. Fram til no har reiseinformasjonen vore spreidd over fleire kanalar, noko som har gjort tilbodet uoversiktleg og krevjande for innbyggjarane i fylket. Den nye nettsida er meir kunderetta og reisande får eit oversiktleg bilete av kollektivtilbodet, seier Arild Fuglseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, i pressemeldinga.

Reiseplanleggar og billettluke

Sida er utstyrt med ein eigen reiseplanleggarder folk kan legge inn informasjon om kvar dei vil reise og kvar dei reiser frå. Då vil dei få opp eit kart som syner den reiseruta dei har valt, samt eit detaljert oversyn over reisa.

Ein ny nettbutikk vil gjere det enklare for reisande å fylle på reisekortet via internett.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune og Trafikanten AS som samarbeider om den nye nettstaden. Sida vil erstatte nettsida www.177mr.no og er også tilrettelagt for mobiltelefon oog nettbrett.

–Alle funksjonar på den gamle sida er ivareteke så reisande vil ikkje miste informasjon. Dei vil tvert imot få tilgang på fleire nye løysingar og meir informasjon som vi håpar at dei vil sette pris på, opplyserer Fuglseth.