* Natt til søndag fekk politiet melding om at to menn i 20-åra som slost i Fosnavåg. Den eine av dei hadde fått slått ut ei tann. Då politiet kom til staden ville ingen av personane melde kvarandre. Politiet opprettar likevel ei sak for ordensforstyrring.

* På Leinøy køyrde ein bil med to personar av vegen. Det er uklart kven av dei to som køyrde bilen. Politiet kjem til å etterforske saka vidare. Dei to personane i bilen fekk begge småskadar.