I eit notat i samband med omorganiseringsarbeidet i Hareid kommune har kommunalsjef Gry Nordal sett på ein modell der det blir oppretta eit oppvekstsenter både i Hareid sentrum og på Bigset.

Oppvekstsenteret på Bigset vil då få 90 skuleelevar og 60 barnehageborn med tilsaman 27 årsverk, medan Hareid oppvekstsenter får 227 skuleelevar og 40 barnehageborn (Hareid barnehage), med tilsaman 39 årsverk.

Saka er presentert for utdanningsavdelinga ved Fylkesmannen for uttale, men grunna sjukdom ved kontoret har dei ikkje kome med nokon uttale enno.

Ideen går vidare ut på at rektor ved dei to aktuelle skulane vert leiarar for oppvekstsentra. For å få til dette må ein auke leiar-ressursane i begge oppvekstsentra. Modell skal kunne gi ei årleg innsparing på 230.000 kroner per oppvekstsenter.