Under kickoff-samlinga på Kaffebaren i Ulsteinvik fredag kveld kunngjorde Hødd at dei har vorte samde med engelskmannen Robin Shroot (26) om ein eittårskontrakt.

Shroot går gratis frå klubben Stevanage, som spelar på tredje nivå i England.

Hødd-trenar Sindre Eid meiner Shroot er ein offensiv og god spelar, med målteft, og at han i tillegg er ein kjempekar.

- Eg er overtydd om at overgangen frå engelsk til norsk fotball skal gå godt, seier Eid, som legg til at Shroot har gode gode attestar frå England, og at han vil bli eit godt tilskot for Hødd.

No kan sesongen starte

Styreleiar Bård Dalen i Hødd Fotball meiner Shroot  er ein spennande spelar.

- No har vi ein god stall og eit godt støtteapparat. Sesongen kan berre starte, smiler Dalen.