Herøynytt skriv i dag tidleg at den eine motorsykkelen vart totalvrak i eit trafikkuhell mellom to MC-ar i Herøy like før midnatt onsdag kveld.

Det var eit augevitne på staden som melde dette til nettavisa.

Trafikkuhellet skjedde like ved rundkøyringa på Hjelmeset. Politiet fekk melding klokka 23.30.

Naudetatane vart varsla om ulykka.

Skadeomfanget på dei involverte personane er førebels ukjent.