Før eit naust kan førast opp på Dimnøya må fylket gjennomføre ei arkeologisk registrering.
Det er søkt om dispensasjon frå Plan- og bygningsloven og kommuneplanen til Ulstein kommune for å føre opp eit naust på Våge på Dimnøya.
Det har tidlegare blitt funne ein steinfallos i området. Desse fallosforma kvartsittsteinane frå jarnalderen, som vart kalle heilage kvite steinar, er svært sjeldne. Steinane kan ha vore nytta til gravmarkering. Også nærområdet kan ha andre funn.
Møre og Romsdal fylkeskommune skriv i brev til kommunen at det skal godt gjerast å finne noko meir ut om det som her allereie er funne.
Fylket vil likevel gjennomføre ei arkeologisk registrering før dei kjem med endeleg fråsegn om saka, men må vente til tela er ute av grunnen. Kommunen kan ikkje gjere vedtak i denne saka før fylket har gjennomført den arkeologiske registreringa si og uttalt seg vidare.
Fylket tek kostnadene med registreringa, men skriv at det er fint om tiltakshavar stiller med gravemaskin.