Det er framleis hektisk og ein del som skal på plass i dei nye lokala til Europris ved Saunesosen, men torsdag skal alt vere klart for opning av den nye butikken.
I fylgje Roar Dahlen har flyttinga kome i stand grunna behov for meir plass enn det butikken har hatt i lokala ved Amfi-senteret.
– Vi må ha meir plass og betre parkeringstilhøve for kundane våre. Den butikken vi kjem frå hadde også for lite plass til alle dei varene vi ynskjer å ha.
Dahlen og dei tilsette hjå Europris har allereie fått på plass mykje i dei nye lokala og han trur både gamle og nye kundar vil setje pris på eit større butikklokale.
– Det vert som ei ny verd i ny butikk. Eg trur kundane vil få bakoversveis med positivt forteikn når dei ser kor flott vi får det, smiler Dahlen.