- Eg er særs tilfreds med arbeidet til utvalet og synst framlegget er spanande. Me treng fleire kompetente sjøfolk på norske skip. Då må me også sørgje for å ha ei moderne lovgjeving som gjer yrket framleis attraktivt, seier statsråd Trond Giske.

Eit offentleg utval har i dag overlevert innstilling til ny skipsarbeidslov (NOU 2012:18 Rett om bord), som skal erstatte dagens sjømannslov frå 1975.

Kort om hovudinnhaldet i utgreiinga:

• Heving av aldersgrensa for sjøfolk frå 62 til 70 år.

• Ei styrking av stillingsvernet for sjøfolk som i stor grad harmoniserer med det som gjeld for arbeidstakarar på land gjennom arbeidsmiljøloven.

• Ei utviding og klargjering av sjøfolks permisjonsrettar.

• Klargjering og utviding av prosessreglar ved tvist om arbeidsforhold.

• Eit fleirtal av utvalsmedlemmene føreslår å lovfeste ein rett for sjøfolk til å halde fram i stillinga ved tvist om ei oppseiing er lovleg.

• Ei styrking av arbeidstakarane sin rett til drøfting og informasjon.

• At reiarlaget blir gjort solidarisk ansvarleg for arbeidsgjevars økonomiske plikter, der desse ikkje er samme rettssubjekt.

• For NIS-skip foreslås unntak slik at konkurransedyktigheita til NIS ikkje blir påverka i vesentleg grad.

• Ny terminologi: Av omsyn til ei kjønnsnøytral lovgjeving blir det føreslege å erstatte ordet ”sjømann” med ”arbeidstakar” og at den nye lova heiter ”skipsarbeidslova” (og ikkje lenger sjømannslova). Noverande lov har bl.a. den kuriositet at den inneheld permisjonsreglar for ”gravid sjømann”.

Utvalet har vore leia av professor Hans Jacob Bull og har bl.a. bestått av representantar frå arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida.

Innstillinga til utvalet blir no sendt på høyring. Nærings- og handelsdepartementet tar sikte på å leggje fram eit lovutkast for Stortinget våren 2013.