I Hareid er det i desse fem årgangane 185 gutebarn og 148 jentebarn, medan Ulstein har 271 gutebarn mot 241 jentebarn.
Tilsaman i begge kommunane er det i denne aldersgruppa 456 gutebarn og 389 jentebarn, d.v.s. 117 gutebarn per 100 jentebarn. Landsgjennomsnitten i Norge frå 1866 til 2008 er 105,9 gutebarn per 100 jentebarn.
Tendensen for desse fem siste årgangane er den same i Herøy og Vanylven (113 gutebarn per 100 jentebarn), medan vesle Sande har det omvendt: 134 jentebarn per 100 utebarn. Men Sande tek seg innatt med stort guteoverskot i dei tre 5-årsbolkane fram mot 20 år.
For Ytre Søre Sunnmøre samla er situasjonen i dei fem yngste årgangane at der er 112,3 gutar per 100 jenter. Det samla talet i denne aldersgruppa er 829 gutar og 738 jenter.
Tala vil sjølvsagt variere frå år til år – og ganske sikkert jamne seg ut på sikt.
Heile alderssteget 0-20 år
Reknar vi med heile alderssteget 0-20 år, har Hareid 709 gutar og 638 jenter (111 gutar per jente), Ulstein har 1175 gutar og 1124 jenter (104,7 gutar per jente), Herøy har 1166 gutar mot 1080 jenter (107 gutar per jente), Vanylven 109 gutar per 100 jenter og Sande 113 gutar per 100 jenter.
Men her må det leggast til at ein statistikk for alle dei fire aldersstega 0-20 år har fleire usikre faktorar enn ein statistikk for berre det aller yngste 5-årssteget. T. d. ungdom som flyttar til ein kommune som tilbyr vidaregåande undervisning – eller ei tilfeldig kjønnsfordeling i gruppa «unge innvandrarar». Desse faktorane er ikkje tilstades i aldersgruppa 0-4 år.
Krig og pendling?
Statistikk viser at det blir født spesielt mange gutar under krigar og like etter, noko som skulle røpe noko om naturen si tilpasningsevne. Dette har vore registrert i USA både under den 1. og 2. verdskrigen. Under og etter 2. verdskrigen var gutefødslane også hyppigare i Norge enn i noko anna femårsperiode sidan 1866.
Men det finst også andre forklaringar på fenomenet. Krigar fører til lange fråværsperiodar for dei som er gifte – og for dei ugifte fører det til utsetjing av giftarmålet. Dermed blir det fleire førstefødslar enn elles mot slutten av og etter krigar – og det er eit faktum at det er spesielt mange gutefødslar blant førstegongsfødande. Men den aller viktigaste forklaringa skal vere at den seksuelle aktiviteten er særleg høg blant soldatar som vender heim etter eit langt fråvær og at det aukar sjansen for graviditet. Det blir fleire «hyggestunder» nær eggløysinga enn elles. Forsking viser at det gir fleire gutefødslar enn elles.
Ei forklaring på at utkantkommunane har flest gutefødslar på Ytre Søre Sunnmøre kan vere at fleire av dei som bur der må pendle større avstandar til eit arbeid eller eit studium – og at det medfører - liksom for soldaten – at dei er lenge borte frå heimen og partneren og at den seksuelle aktiviteten går i taket når dei atter kjem saman.