I dag, torsdag skal kommunestyret i Ulstein vedta budsjett og økonomiplan for perioden 2017–2020. I utgangspunktet kan det fort verte eit omfattande punkt på sakslista under kommunestyremøtet, men no er mykje klart allereie før politikarane set seg ved bordet i kommunestyresalen.
Ordførar Knut Erik Engh (Framstegspartiet) fortel at gruppeleiarane for alle partia har vore med på forhandlingar for å kome fram til eit felles budsjettframlegg, som denne veka har vore diskutert ute i partigruppene. Etter dei tilbakemeldingane ordføraren har fått ser det ut til at alle partia, med unntak av Sosialistisk Venstreparti vil stå bak fellesframlegget. SV vil dermed truleg legge fram sitt eige alternative budsjett, der ein ønskjer å innføre eigedomsskatt frå 2017.
Må ta frå fond
Engh fortel at ein i forhandlingane har vore opptekne av ønsket om å ikkje innføre eigedomsskatt frå 2017. Det vil seie at politikarane må finne dei 14 millionar kronene andre stadar.
– Ein ventar at vi får ein kompensasjon for trekk i basistilskotet på 3,1 millionar kroner. Samstundes ser vi det ikkje som realistisk med nokon auke i skatteinngangen, og vi må difor bruke av fond til å balansere budsjettet, seier Engh.
I fellesframlegget er det lagt inn 12,66 millionar kroner frå fond for å balansere budsjettet.
Ordførar Engh har sendt denne presiseringa til Vikebladet Vestposten:
"Det er ikkje slik at vi brukar 12,66 millionar av dagens fond som ved inngangen til 2016 var på 28,9 millionar. Rådmannens framlegg var å setje av 12,15 nye millionar i 2017, medan ein i fellesframlegget i staden har bestemt seg for å bruke ca 460 000 kroner i 2017 for å unngå eigedomsskatten. For resten av perioden vil ein setje av 1,3 millionar mindre enn rådmannen i 2018, 360 000 mindre i 2019 og 2020. Samla vert det sett av ca 14,7 millionar mindre enn det rådmannen foreslo i perioden. Med unntak av 2017 legg vi ikkje opp til å bruke av fondet, det er såleis ikkje snakk om å tøme fondet vårt."
– Det er ein bekymringsfull konsekvens, men sidan det ikkje var ønskje om innføring av eigedomsskatt ser vi ikkje noko anna moglegheit, seier Engh.
Alternativet ville vere å kutte i drifta. Der har politikarane i staden lagt inn om lag tre millionar kroner i året til auka innsats i avdelingane. Det inkluderer mellom anna nye stillingar knytt til ny omsorgsbase, midlar til kvardagsrehabilitering og til satsing innan psykisk helse og rus. Desse tiltaka blir finansiert gjennom kompensasjonen for basistilskotet.
Vedlikehald av kyrkje og midlar til forprosjekt
Partia har også blitt samde om å setje av 300.000 kroner til vedlikehald av Ulstein kyrkje. Det skal gå til måling og nytt brannvarslingsanlegg, og midlane til dette kjem frå tiltakspakken frå regjeringa for å motverke den auka arbeidsløysa.
Knut Erik Engh fortel også at Arbeidarpartiet har sett som krav å få med 1 million kroner til eit livssynsnøytralt seremonirom. Ap meiner det ikkje er rett å berre prioritere eit trussyn. Om dei ikkje fekk det livvsynsnøytrale seremonirommet, ville dei ikkje vurdere å byggje ny kyrkje. Så i fellesbudsjettet er dette lagt inn i 2018, så skal rådmannen før den tid utgreie saka.
Ordføraren legg ikkje skjul på at det har vore nokre tøffe diskusjonar for å kome fram til eit felles framlegg.
– Kvart parti har sine hjartesaker, men eg er glad for at ein har kome fram til eit felles framlegg, og eg meiner at det styrkar oss.
Engh seier det viser at politikarane har teke inn over seg at ein er inne i ei tøffare periode.
– Det har gjort at vi får ein del felles utfordringar som vi må møte på ein skikkeleg måte, seier ordføraren.