Ingvild Uglum er den heldige vinnaren av Rotevatn Trafikkskule sitt store jubileumslotteri. Alle som byrja og fullførte føraropplæringa for bil i 2016 var med i trekninga av ein flunkande ny bil.
– Me ønskjer å setje ein ekstra spiss på førtiårsjubileet vårt med denne trekninga. Det er kjekt å kunne gje vekk noko når me har eit slikt jubileum, seier fagleg leiar Kjell Inge Rotevatn hos Rotevatn trafikkskule.
Kring to hundre personar var med i trekninga. Det var Ørsta-ordførar Stein Aam som stod for trekninga. Han var glad for å kunne medverke til å framheve ei trygg sjåføropplæring på denne måten.
Trekninga skjedde hos Bil & Gummiservice som har vore fast leverandør av bilar til Rotevatn Trafikkskule i tjuefem år. Og då var det også naturleg nok ein Opel Adam som var premien i lotteriet.
Fleire har medverka til å finansiere premien, og største bidraget har Rotevatn Trafikkskule sjølve gjeve.
Trafikkskulen vart etablert i Volda, men har elevar frå heile Søre Sunnmøre.
– No er me faktisk størst i Ulstein, fortel Rotevatn.
Jublande glad vinnar
Og den jublande glade vinnaren av bilen heiter Ingvild Uglum (18 år) og bur i Ulstein. Ho køyrde opp den 31. oktober i år. Ho hadde ikkje tenkt over at køyreskulen ho brukte hadde ein slik konkurranse.
– Eg berre tok køyretimar, seier ho til Vikebladet Vestposten.
Den dagen det var trekning av premien tenkte ho ikkje over at det var det. Då dei ringte henne for å fortelje at ho var den heldige vinnaren, hadde ho skuletime og fekk ikkje svara på telefonen.
Men så fekk ho melding frå køyrelæraren sin, Kjell Erik Rotevatn, om at ho hadde vunne og at ho måtte ta kontakt med dei så fort som råd. Då vart ho glad!
– Kva seier venene dine til at du har vunn ein bil?
– Dei har gratulert meg. Og mange har sagt "Er det sant?". Men pappa sa det ikkje var noko overrasking. Han meiner eg har flaks heile tida og har gullhår i ræva, fortel den heldige vinnaren.
Frå før har ho vunne helgepass til ein festival i Sogndal. Ungjenta kjem eigenleg frå Sogndal, men tar påbygging på Ulstein vgs og bur her eit år med faren. Ho har tidlegare sagt til faren at ho ønskjer seg ein eigen bil, men faren meiner det er lurt å spare pengar i staden.
Bilen er verdt 240 000 kroner. Ho vil få bilen ein gong over nyttår, då han skal reinsast først og dei skal ta av klistremerka som er festa på sida av bilen. Uglum svarar et ho vil behalde bilen, ikkje selje han.
– Eg hadde lagt frå meg draumen om ein eigen bil, men brått fekk eg det likevel, smiler ho.