Sundag ettermiddag skal det ha skjedd ei trafikkulykke i nærleiken av kontrollplassen i Dragsund.
Vitner på staden fortel om ein bil som låg godt utanfor vegen, og som såg ut til å ha krasja.
Naudetatane skal vere på staden.
Vikebladet Vestposten får opplyst frå operasjonssentralen til politiet på Sunnmøre at det er ein bil som har vore involvert i ulukka. Føraren var åleine i bilen og framstår som uskadd. Politiet opprettar sak etter hendinga.