Stengingsvedtaket grunnar seg i ting som vart avdekt under to branntekniske tilsyn 16. og 17. august.

Bruken av 3. høgda pluss den delen som Euronics-butikken ikkje bruker i 2. høgda må opphøyre umiddelbart – inntil forhoda er utbetra, heiter det i stengingsmeldinga.

Hyblar der det skal vere forretning/kontor

Brannsjefen slår fast at tilsynet på fleire punkt viste at bruken av bygget ikkje er i samsvar med gjeldande lov, forskrift eller reglar. Bygget er bl. a. registrert som forretning/kontor, men tilsynet avdekte at det tydekleg har vore og blir nytta som bustad/hyblar.

Hol i brannvegg

Det er i tillegg laga eit stort hol i brannveggen i 2. høgda, noko som «komprimerer» brannsikkerheita i bygget – spesielt mellom eigaren Trygg Utvikling AS (Ulsteinvik) og Euronics-butikken. Det elektriske anlegget er utvida og ikkje installert etter NEK 400.

12 punkt må rettast

Tilsynet har sett opp 12 punkt som må rettast før dei aktuelle lokala kan opnast igjen:

1) Brannalarmsystemet fungerer ikkje og er i ein slik stand at det må skiftast.

2) Det manglar rømingskart over bygget, slik det framstår i dag.

3) Der er ingen skilting av naudutgangar/rømingsveg.

4) Brannsløkkingsapparat er utgått på dato og er ikkje kontrollert av godkjent firma.

5) Rømingsdør i 2. høgda er ikkje kopla mot rømingstrapp.

6) Der er ingen branncelleinndeling.

7) Der er ikkje godkjent brann-alarmanlegg etter TEK 10.

8) Hol i brannvegg i 2. høgda.

9) Vindu i enkelte av roma kan ikkje opnast.

10) Lysopninga i enkelte av dørene er for smal etter TEK 10.

11) Ingen oppdatert branninstruks.

12) Det elektriske anlegget er utvida og ikkje installert av godkjent firma.

Det blir også peikt på at det elektriske anlegget ikkje er utført av kvalifisert og godkjent firma.