Ein lesar av Vikebladet Vestposten var på staden like etter at ein konteinar fredag formiddag losna frå ein konteinarbil og hamna på bakken, delvis inne i vegbana i Saunesmarka. Tipsaren meiner det kunne gått riktig gale dersom eit anna køyretøy hadde vore i nærleiken.
- Folk kan vel også sjølv tenkje seg korleis det hadde gått dersom eit anna køyretøy hadde fått denne konteinaren over seg. Ein personbil hadde blitt mosa.
- Dette skal aldri skje
Lastebilen det gjaldt høyrer til Franzefoss i Brandal, som også driv eit anlegg i Saunesmarka. Trond Sørensen, dagleg leiar i Franzefoss Norge AS, uttalte seg kring hendinga til Vikebladet Vestposten fredag ettermiddag.
- Vi køyrer no ei intern gransking for å finne ut av kva som har skjedd. Dette kunne heilt klart blitt ein veldig farleg situasjon. Vi skal snakke både med sjåføren og sjå nøye på bilen. Sjølv om dette høgst truleg var eit uhell, er det noko som aldri skal skje, seier Trond Sørensen.
Sørensen meiner det berre kan vere to årsaker til uhellet.
- Anten er det menneskeleg svikt eller svikt i maskineriet. Lastebilen det gjeld får ikkje køyre fleire konteinarar før den har blitt sjekka grundig og eventuelt blitt reparert av kyndig personell. Vi ser svært alvorleg på hendinga, og er veldig glade for at det ikkje blei anna enn materielle skader denne gongen, seier Trond Sørensen avslutningsvis.