Dei som tek turen innom Blåhuset i dag kan få sjå vinnarbilen Frost. Då Vikebladet Vestposten var innom var det alt mange som hadde kome bort for å ta ein nærare kikk på bilen. Ole Fjelltveit, som òg har vore med å lage bilen, kunne fortelje at mange vil vite kor fort bilen kan gå. Men sjølv om bilen kan minne om ein racerbil går han ikkje så fort. Det er ikkje det som er føremålet med bilen. Det er nemleg å gå lengst mogleg med minst mogleg drivstoff. Bilen var på ein motorevent i Bergen i går. I dag er han altså i Ulsteinvik. Og måndag skal gutane vere tilbake til skulen med bilen. I byrjinga av juni skal bilen vere med på CC9, ein klimakonferanse i Østfold. Elles er bilbyggjarane travelt opptekne med oppgåveskriving. Frost er avslutningsoppgåve på bachelorstudiet deira i industriell design.