Temperaturen var 3,7 grader over normalen i alle dei tre landsdelane. Det største avviket frå normalen hadde fjellet i Sør-Norge, der temperaturen var 5-6 grader over det normale. For landet totalt vart april 2009 den 3. varmaste i historia. Den nordlege delen av landet dreg ned gjennomsnitten. For heile landet var april 2,8 grader over det normale. Heile 60 vêrstasjonar sette ny aprilrekord. Den målestasjonen som nådde høgast i middeltemperatur for april var Bergen - Florida, som målte + 9.5 ºC. Dette var tangering av Tafjord sin norgesrekord for høgaste april-middeltemperatur - frå 1937. Høgaste maksimumstemperatur i april hadde stasjonen Åfjord i Sør-Trøndelag med + 22.6 ºC den 30. april.
Nyhende →
Rekordvarm april på Vestlandet, Sørlandet og Austlandet
For Vestlandet, Sørlandet og Austlandet vart april 2009 den klart varmaste april-månaden som nokon gong har vore målt, melder Meteorologisk Institutt.