Ishavsmuseet Aarvak er i sterk utvikling og opplever stor interesse frå inn- og utland.
– Det er med stor glede vi kan offentleggjere at enda eit museum vil knyte seg til vårt polarhistoriske nettverk, fortel dagleg leiar Webjørn Landmark og styreleiar Willy Nesset i Ishavsmuseet i ei pressemelding.
Klare intensjonar
Under ein vellukka polarkveld på Ishavsmuseet fredag 2. november – kor 50-års minne etter Kings Bay ulykka i 1962 stod i senter – vart det signert ein samarbeidsavtale mellom Svalbardmuseet i Longyearbyen og Ishavsmuseet på Brandal.
Ishavsmuseet har lenge hatt ein klar intensjon om og løfte Ishavsmuseet opp på eit enda høgare og breiare nivå, både fagleg og kompetansemessig. Og det har også vore viktig for Ishavsmuseet å stå fram som ein sentral aktør blant dei polare samlingane i Noreg.
Ishavsmuseet Aarvak ser på dette som viktig musealt arbeid, der formidling, historie, og samarbeid vil vere viktige stikkord.
– Dette er museumsformidling og museumsarbeid på sitt aller beste. Den nysignerte avtalen styrkar banda mellom Ishavsmuseet og Svalbardmuseet, og vil vere med på å utvikle musea i ein felles strategi kor det høver for forvaltning, forsking, formidling og fornying. Vidare skal vi samarbeide i og utvikle det faglege nettverket, styrkje kompetansen og utveksle informasjon mellom dei to musea, slår Landmark og Nesset fast.
Viktig vert også styrkinga av den historiske dokumentasjonsbasen og styrkje banda mellom dei polare musea i Noreg.
– Vi i Ishavsmuseet Aarvak er svært nøgde med denne avtalen som vil vere med på å grunnfeste dei planar og mål som museet i Brandal har hatt over tid for å verte ein enda meir sentral aktør i polar Noreg. Denne avtalen stadfestar også museets grunntanke om formidling av vår viktige polarhistorie, og at vi har sterk fokus på dette. Saman med vårt tidlegare inngådde samarbeid med Frammuseet i Oslo og Pier 21 i Canada, er vi sikre på at dette vil utvikle museet vårt, og auke interessa for vår historie og styrkje nærleiken til vår nære polarhistorie, legg Landmark til.
Han fortel at dette løfter statusen til Ishavsmuseet til nye høgder, og at dei er visse på at dette vil styrkje dei i satsinga på å få den statusen som Ishavsmuseet fortener.
– Ikkje minst gir det oss kompetanse, djupare kjennskap, og mykje meir innleving, forståing og samarbeid i vårt museumsarbeid enn oss kunne ha fått i nokon annan konsolidering.
Dei avsluttar med å fortelje at dette er ein stor dag for dei tilsette ved Ishavsmuseet, og at dei vil takke Svalbardmuseet ved leiar Tora Hultgren for avtalen.
– Når vi etter kvart har fått koordinert oss, skal det nok kome mykje godt ut av både denne samarbeidsavtalen, og dei to tidlegare inngåtte avtalane. Polarsamarbeidet består i dag av Frammuseet, Pier 21, Svalbard Museum og Ishavsmuseet Aarvak, avsluttar Landmark og Nesset.