Så langt i 2015 melder Brønnøysundregistera om ni konkursar på Hareidlandet.

I Hareid kommune er det snakk om tre konkursar, alle i enkeltmannsføretak.

På andre sida av kommunegrensa har det blitt meldt inn seks konkursar i løpet av årets tre første månadar. I Ulstein kommune gjeld alle seks konkursane aksjeselskap. Dei er:

Eiken Bok og Papir AS

Herøy Ulstein Anleggsutstyr AS

Matkroken Skarbø AS

Norvesthus AS

Takk og Farvel AS (Tidlegare Kvalsvik Produksjon AS)

Zebra Club AS

Samstundes er det heile 13 nyregistreringar i føretaksregisteret i løpet av årets første tre månadar. Mellom dei er BM Kontorservice, Frequency Yard, og Venezia Ulsteinvik. Sjå heile lista på Brreg.no.

I Hareid kommune er det til no i år ikkje registret nye føretak i føretaksregisteret.