Rådmannen sitt framlegg til Handlingsplan 2016-2019 inneber eit farvel med ROBEK-lista når 2016 er tilbakelagt, vel å merke dersom tenesteproduktiviteten held seg oppe og utanforliggande og ikkjepåverkelege faktorar ikkje grip negativt inn.

Handlingsprogrammet blir no i første omgang lagt fram som ei orientering til formannskapet – og blir handsama i hovudutvala i slutten av månaden og til slutt i kommunestyret 17. desember.

Ekstra krevjande

Rådmannen legg fram eit budsjett i balanse, men medgir at det har vore ekstra krevjande denne gongen, med eit stadig aukande sprik mellom synleggjort behov og tilgjengelege midlar. Marginane er på kanten av det tilrådelege og  det er på høg tid at det vert utarbeidt ein politikk som adresserer dei reelle utfordringane på ein bet-re måte, meiner han.

Hareid har langt lågare inntekter enn samanliknbare kommunar, men har greidd seg på grunn av høg produktivitet i drifta. Kommunen sine brutto driftsinntekter er 5.000 kroner mindre per innbyggar enn landsgjennomsnitten. Kommunegjelda er no på 333 mill.

Offensiv for Røyset

Av dei ting publikum vil like å vite, er kva nye investeringstiltak som blir sett i sving neste år. Her er alle som krev 1 mill. eller meir i investeringar:

1. Investeringar i Søre Sunnmøre IKT 7,195 mill. (og nye 2 mill. kvart år deretter. Hareid er vertskommune for IKT-samarbeidet på Søre Sunnmøre).

2. Avløp Røyset 2,5 mill.

3. Vassforsyning Røyset 2,5 mill.

4. Nytt inntak Hammarstøylsvatnet 2 mill.

5. Bustadfelt Pålhaugen2, grunnkjøp og utbygging: 1,5 mill.

6. Avløps- og overflatevasstiltak Holstad bustadfelt 1,25 mill. (Blir følgt opp med nye 3 mill. i 2017).

7. Omsorgsbustader Pålhaugen, grunnkjøp 1,0 mill.

8. Grunnkjøp Hareid kyrkjegard 1,0 mill. (siste delutbetaling til grunneigarane)

9. Miljøgateprosjektet – frå bedehuset til parken - 1,0 mill.

NB: Tiltaka som er retta mot nytt bustadfelt på Røyset blir forlenga med dei same summane i 2017 som i 2016.

Det må også nemnast at industriområdet i Hareidsmyrane er tilgodesett med 250.000 kroner neste år. Handlingsplanen legg opp til kraftig auke til 1,5 + 1,5 + 2,5 mill. kroner dei tre åra deretter.

Vidareutvikinga av ytre hamn på Hareid får ikkje pengar i 2016, men får 200.000 i 2017 og 1 mill. i kvart av dei to neste åra.

Alle skulane må stramme inn

Innstrammingane vil bli spesielt merkbare i oppvekstsektoren der det har vore ein auke i årsverk frå 127,85 i -14 til 134,57 i år. Men i 2016 vil rådmannen ha ein reduksjon til 131,46. Som representerer om lag 2 millionar kroner på årsbasis.

Rådmannen vil rett nok frede barnehagane, ettersom dei i dag driftar svært kostnadseffektivt. Nedskjeringa vil derfor foregå i form av kutt i pedagogstillingane på skulane, etter denne fordelinga:

20 % reduksjon pedagogstilling Bigset skule.

150 % reduksjon pedagogstilling Hareid skule.

10 % reduksjon pedagogstilling Hjørungavåg skule.

130 % reduksjon pedagogstilling Hareid ungdomskule.

Tilsaman 3,10% pedagogstillingar = ca.kr. 2,0 mill.

Tiltaka må setjast i verk frå nytt budsjettår og gjennomførast ut frå ei vurdering som tek opp i seg omorganisering ved den einskilde skulen og eventuelt reduksjon i tenestetilbodet til elevane i ulike fag som kunst & handverk, fysisk aktivitet, mat & helse, valfag. Vidare må ein sjå på vilkåra for plassering av nye 1.-klassingar utifrå kor store klassane er ved dei ulike skulane. Dette krev igjen politiske vedtak der ein kan sjå bort frå gjeldande krinsgrenser for inntak av nye 1.-klassingar. Tiltaket vert vurdert blant anna ut frå å kunne unngå klassedeling ved sentrumsskulen.

Men rådmannen medgir at denne reduksjonen vil vere eit direkte brot med opplæringslova ut frå dei rammene skulane driftar etter i dag. Ein risikerer derfor at kutta vil kunne føre til både tilsyn og pålegg frå Fylkesmannen om å gjenopprette tilbodet.

For å gi eit bilde av kva utfordringar ein elles har i skulen kan nemnast at Hareid skule  i dag har 60 framandspråklege elevar, medan Hjørungavåg fekk sju nye elevar i haust utan norsk-kunnskapar.

Nei til vikarar

På velferdssektoren, som er nesten like stor som oppvekstsektoren, er utfordringane også store. Rådmannen har sett inn restriksjonar for leige av vikar ved alt fråvær av fast personale. Dette gjeld både ved kort- og langtidssjukdom, permisjonar, vakansar og ferie. Det vil bli leigt inn vikar berre dersom det er grunnlag for vurdering opp mot nødvendig helsehjelp. Denne restriksjonen for vikarleige er innført ved alle einingar.

Innskjerpinga kan få konsekvensar på mange område, t.d. redusert tilbod om dagsenter ved fråvær av personale, redusert tilbod om miljøterapi for brukarane og redusert tid til samarbeid med pårørande. I somatisk avdeling kan det bli  redusering i aktivhitetstilboda og heimetenesta vil bruken av ringetilsyn – i staden for oppmte – auke. O.s.v.

Innleiingsvis i budsjett-dokumentet held rådmannen fram at ein vil kunne sleppe unna nokre av dei største nedskjeringane ved å auke eigedomsskatten utover dei 2 promillene som er etablert og/eller ved å ta skulestrukturelle grep. Men i lys av den politiske situasjonen i kommunen vel han å ikkje å foreslå det.