Natt til sundag vart ein mann i 20-åra meldt av politiet etter han spelte høg musikk til sjenanse for naboane i Hjørungavåg.
Politipatrulje var på staden og gav eit pålegg, men etter kort tid vart musikken skrudd opp igjen.
Kva musikk mannen spelte seier politiloggen ingen ting om.