"Ullensvang" var ikkje ønska i sambandet der ho gjekk før, mellom Tau og Stavanger, og heller ikkje i det mest trafikkerte ferjesambandet i vår region. På leiarplass i lokalavisa Strandbuen i Rogaland uttrykte ansvarleg redaktør stor glede då beskjeden om at ferja forsvann frå Tau-sambandet kom.

– Det var mykje tull med dei ferjene. "Ullensvang" gjekk i sambandet saman med to like ferjer, Stord og Bjørnefjord. Det var problem med alle tre, så kven av dei som var verst hugsar eg ikkje. No har vi fått nye ferjer, og berre ei av dei gamle går framleis i sambandet. Vi er glade for at vi vart kvitt to av dei, seier ansvarleg redaktør i Strandbuen, Gaute Henriksen.

Henriksen fortel at ferjene ved fleire høve hadde motor- og propellproblem, og at det kunne skje at dei stoppa ute på fjorden.

- Synest synd på dykk

– Norled fortalde mellom anna at på grunn av alderen på desse ferjene var det ein større risiko for at det kunne bli driftsavbrot. Eg synest synd på dykk, som no må stri med ei snart 30 år gammal ferje i eit så travelt samband. Eg håpar for dykkar del at det opnar seg ei betre løysing, seier Henriksen.