Hareid formannskap godkjende i siste møte Miljøgate-rapporten for Hareid sentrum.

Inga Rakitskyte har hatt hovudansvaret for rapporten. Saman med ein vedlagd landskapsplan skal han ligge til grunn for arbeidet med utviklinga av Hareid sentrum.

Formannskapet ber administrasjonen førebu gjennomføring av arbeid i sjølve Kjøpmannsgata som eit første byggesteg. I dette ligg prosjektering og utarbeiding av anbodsdokument for tekniske anlegg og installasjonar i gata, innafor regulert vegareal.

Som eit 2. byggesteg meiner formannskapet at opparbeiding av parken i Åsendalen må kome.

Saka skal vidare til kommunestyret, men formannskapet sine ambisjonar er at den prioriterte utbygginga kan skje i økonomiplanperioden 2015-18.