– Vi har mangla kapasitet på dette, men no får vi overkapasitet.

Produksjonssjef Knut Vatne viser fram den nye stoltheita til Vik Ørsta i Hovdebygda. Eit teknologisk vedunder som handterer 6,5 meter lange rør, og kuttar og skjer konturar etter ønske. Nesten heilt utan menneskeleg kontakt.

– Røra vert mata inn i ein ende, og alt etter kva program den er stilt inn på, vil maskina lage det. Så lenge teikningane fins der, kan maskina skjere det til.

Lettar arbeidet

Teknologien er ikkje ukjend for dei tilsette. Dei har ei liknande maskin som dei fekk i 2005. Den kan handtere rør på 12 meter, men må ha ein operatør til å styre seg, og jobbar mykje seinare.

– Det har skjedd mykje med teknologien sidan 2005, kommenterer produksjonsteknisk utviklar Asle Svastuen.

Fire tilsette får no to veker med opplæring i nyvinninga.

– Ei veldig grei maskin som vil lette arbeidet mykje, seier Jens Nilsen, mens han studerer dataskjermen som er hjernen til skjeringsmaskina.

Tanken er at dei som handterer den gamle maskina, samstundes kan halde kontrollen på den nye, sidan den er sjølvgåande. Maskina erstattar altså ikkje arbeidskrafta, sjølv om den i stor grad lettar arbeidet for mange.

Driftssikre

Tidlegare har mangelen på kapasitet gjort at dei har kjøpt store volum med rør frå mellom anna Kina.

– Det er ein del logistikkmessige problem og utgifter vi slepp frå no av. Det er vi glade for, seier Knut Vatne.

Maskina lagar rør og profilar i stål, til alle område Vik Ørsta opererer på. Frå trafikk til marina, lysmaster og utemiljøbenkar. Det er rør i det meste av det dei produserer.

– Dette gjer oss meir leveringsdyktige og driftssikre, og vi vil ikkje vere så avhengige av den eine maskina vi har hatt. Dei avlastar kvarandre, seier Vatne.

Maskina er så effektiv at dei no vil ha ledig kapasitet.

– Vi forsyner avdelinga i Vik i Sogn med rør, men satsar no også på å kunne selje kapasitet til andre.