– Dette blir eit kjempeløft for Ulstein kommune og ikkje minst Ulsteinvik sentrum, skryt Odd Kåre Wiik av den nye Vikelva, som offisielt opnar på onsdag.

At flaumsikring av elva no er på plass, meiner Wiik var veldig viktig å få i orden.

– Det er ikkje uvanleg å sikre elvar etter ein flaum. Heldigvis har vi fått sikra elva før det eventuelt skulle skje her, fortel Wiik.

Markering

For å feire at det Wiik skildrar som «ein stor jobb» er bortimot ferdig, vil det bli ein opningsseremoni onsdag.

– Då samlast vi i amfiet ved den såkalla plaskedammen. Her skal det bli delt ord frå både entreprenørane og kommunen, i tillegg til at det skal bli framført nokre songar av barneskuleelevar, seier Wiik.

Vassattraksjonar

I tillegg til at elva er flaumsikra, legg Wiik også til at det no har blitt fleire attraksjonar for innbyggjarane, som dei kan nyte på varme solvêrsdagar.

– Elva fører med seg badekulpar, plaskedammar og dette flotte amfiet. Barn er jo glade i å vasse i vatnet, så det vil forhåpentlegvis bli sett pris på, smilar Wiik frå øyre til øyre.