Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at det vert stadig større del kvinner mellom dei som startar si eiga verksemd.

Ann Lovis Haanes (48) synest det er kjekt å sjå at det jamnar seg ut mellom kvinner og menn.

– Det er heilt på sin plass, meiner ho.

Sidan august i fjor har ho drive einkvinneføretaket Mentik i lokala på Stålhaugen i Ulsteinvik.

Haanes tilbyr coaching for bedrifter og privatpersonar. Ho er både ein gründer sjølv, og ho coachar andre gründerar.

Første tida dreiv Haanes firmaet sitt ved sidan av å vere i femti prosent fast jobb. Det er berre sidan sist jul at ho har vore coach på heiltid.

– Då eg dreiv firmaet på halvtid fekk eg ikkje brukt all energien min på denne jobben. Då eg byrja bruke all arbeidstida mi på dette, fekk eg betre resultat. Det seier seg eigenleg litt sjølv, kommenterer den relativt ferske gründeren.

Større lyst enn redsle

Men sjølv om Ann Lovis Haanes er ganske fersk i jobben ho har no, er ho ingen fersking i arbeidslivet. Ho har hovudfag i psykologi og har i mange år vore rådgjevar, inspektør og leiar i offentlege stillingar. Dei siste åra arbeidde ho i Arbeidstilsynet. Der dreiv ho med psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø.

– Kva skulle til for at du torde å starte opp for deg sjølv?

– At motivasjonen for at eg ville drive med dette som eg har tru på var større enn usikkerheita, svarer Haanes.

Det meiner ho kjenneteiknar også andre gründerar. Motivasjonen deira er så stor at dei blir ustoppelege, det skumle kjem i bakgrunnen.

– Ein må synest det er litt ok å balansere mellom det trygge og skumle.

Ville gjere ting på sin måte

Ann Lovis Haanes understrekar at ho kom frå ein super jobb. Ho treivst godt og hadde ein grei inntekt, men med åra fekk ho så lyst til å gjere ting på sin måte. Gjennom jobben sin besøkte ho mange bedrifter som var oppteken av indre arbeidsmiljø. Haanes var med på å guide dei. Men ho fekk ikkje vere med å prosessen vidare. Ho kunne seie at dei måtte få ein person til å kome inn og gjere det og det. Så slutta jobben hennar der.

– No er eg den personen som kjem inn i prosessen, forklarer Haanes.

Tøffe damer

Gjennom jobben som coach jobbar Haanes både med kvinner og menn. Ho er meir overraska over kor like me er. Kvinner og menn har mange av dei same mentale utfordringane.

– Det er mange tøffe og tydelege kvinner i Ulstein, kanskje dei har gode førebilete som banar veg, smiler Haanes.