Ekskjærasten held fram med vitnemålet i Sunnmøre tingrett:

Aktor spør om ho såg at barnet såg hendinga. Ho har  i ei politiforklaring sagt at barnet såg hendinga, men i tingretten seier ho at barnet vakna etter slaga.

- Slo minst fem gonger

Aktor spør ekskjærasten om sjølve gjerninga. Kvinna fortel at tiltalte slo Dimmen minst fem gongar, og at han var rusa.

Ho fortel at ho har utdanning innan helsevesenet, og at ho etter slaga forstod at skadane var svært alvorlege.

Kvinna fortel at ho ikkje trur barnet forstår kva som skjedde, og at ho i månadane etter ikkje har sett noko ved sonen som kan indikere at han hugsar noko spesielt.

Aktor spør ekskjærasten om detaljar i forklaringa hennar kring det som skjedde før, under og etter hendinga.

Aktor spør kvinna korleis ho har opplevd hendinga.

Kvinna svarer:

-  Eg hadde det svært vondt etter det som skjedde. Eg klarer ikkje å leggje dette bak meg, er er framleis sterkt påverka av dette dødsfallet.

Først etter barnet mitt sovna kunne eg tillate meg å sørgje. No veit eg ikkje heilt korleis eg skal leve vidare, og føler stor skuld for det som skjedde.

Eg var så lukkeleg med denne mannen, svarar kvinna.  Aktor spør om ho har fått hjelp etter hendinga.-   Ja, eg har fått hjelp av familien og venane mine, men også av foreldra til Preben.

Ekskjærasten fortel at Preben Mikael Dimmen ikkje var erfaren med born, men at han var flink og snill med sonen hennar. Ho seier også at tiltalte var ein god far for sonen.

Aktor avsluttar sine spørsmål med å spørje om ekskjærasten sitt sinne og hans forhold til alkohol.  Kvinna seier at tiltalte hadde eit problem med alkohol, men at han aldri har vore valdeleg i forhold til verken ekskjærasten eller barnet.

Forsvareren tek over

Forsvarar Torgeir Hovland Langva tek over utspørjinga av ekskjærasten. Han spør kvinna om ho og tiltalte hadde ein avtale kring Preben Mikael Dimmen sitt samvær med sonen.

Kvinna svarer at dei hadde en midlertidig avtale, men at tiltalte meinte at fornærma ikkje skulle ha noko spesielt med kontakt med sonen.

Trur ikkje gjerninga var planlagd

Kvinna seier vidare, på spørsmål frå forsvararen om slaga kvelden tre dagar før den fatale hendinga, at ho opplever tiltalte som ein person som ikkje klarer å kontrollere sine kjensler når han drikk alkohol. Han var aggressiv og full den kvelden, seier kvinna.

Om natta tiltalte påførte den fornærma skadane han seinare same morgon døydde av, seier ho at ho ikkje trur drapet var overlagt eller planlagt.

Bistandsadvokaten tek over

Bistandsadvokat Inger-Marie Sperre får ordet:

Ho spør ekskjærasten meir inngåande om hendinga, først kva tiltalte sa da ho fortalde at den fornærma var i leilegheita.

Kvinna seier ho ikkje hugsar akkurat kva han sa, men ho seier ho såg at tiltalte ante at Preben Dimmen var i leilegheita.  Bistandsadvokaten spør om ekskjærasten såg at tiltalte henta flaska. Kvinna seier at det gjorde ho, men at ho ikkje hugsar kva tiltalte sa då.

Siste spørsmål frå bistandsadvokaten er om ho veit kven som sette tilbake den aktuelle flaska på hylla i boda bak biloppstillinga ved leilegheitene.

Det veit ikkje kvinna noko om.

- I affekt

Dommar Kirsti Høegh Bjørneset spør kvinna ei rekke oppfølgjingsspørsmål.

På eit av spørsmåla svarar ekskjærasten at ho trur tiltalte utførte slaga i affekt, i sjalusi.

Dommaren spør vidare:

- Kva trur du det faktum at han var rusa hadde å seie i forhold til handlinga?

-  Dersom han ikkje hadde vore full, hadde han nok kunne vurdert situasjonen på ein heilt annan måte. Eitkvart edru menneske er som regel i stand til å tenkje eigne tankar.

Ekskjærasten er er no ferdig med si forklaring.