Det er mykje som skal smake godt i Ulsteinvik neste veke, og ein real godbit vert servert på Fredheim onsdagskvelden 11. juni.

Der møter du ikkje mindre enn tre mannskor; Volda Mannskor, Herøy Mannskor og Ulstein Mannskor. Tre kor som vil yte sitt beste for å få fram dei beste kjenslene til både unge og eldre.

Kora vil opptre både kvar for seg og i fellesskap. Fredheimsalen er kjent for å gje ein spesiell fin klang, som dirigentane veit å utnytte. Når så karane kjem på scena, veltrimma etter nyleg gjennomført songarstemne i Volda, må publikum forvente noko ekstra.

Det blir eit bra spenn i repertoaret, frå dei heimlege strender til dei barske steppene i aust, frå dei klangfylte bulgarske klostergangane til dei taktfaste barbershopmelodiane i sørstatane. Og ein god del meir.