Joachim "Noobwork" Haraldsen er ein kjend, norsk gamer. Han har over 100.000 faste følgjarar på Youtube, og likar aller best det populære spelet Minecraft, men også andre fantasispel.

På sitt aller beste vart han rangert som nummer 5 i World of Warcraft.

- Under showet vil han vise ulike triks i Mincraft. Vi trur dette vil bli kjempeartig for alle som likar Youtube, data og spel. Etterpå  vil "Noobwork" signere, og det blir høve til å ta selfies, opplyser senterleiar Helene Holstad ved Amfi Ulsteinvik.

Haugesunds Avis:

"Noobwork" brukar å trekke mykje ungdomar til showa sine. Til dømes møtte det opp over 600 barn og unge då han gjesta Amanda Storsenter i Haugesund.

22-åringen frå Oslo har gjort YouTube til levebrødet sitt, og han er avspelt 40 millionar gonger.

YouTube: