Kring ein fjerdedel av den samla saksmengda på bordet til Konfliktrådet på Sunnmøre til no i år er valdssaker. Auken i tilviste valdssaker kjem samstundes med at ein har ein nedgang i det totale sakstalet på Sunnmøre på heile 27 prosent. Tala for Ulstein kommune viser derimot ein stor auke i tilviste saker; 17 saker til no i år, mot berre 3 i fjor.

107 saker i første halvår

Konfliktrådet på Sunnmøre har motteke 107 saker i første halvår av 2016 – fordelt på 71 straffesaker og 36 sivile saker. Til samanlikning var det tilvist 146 saker på same tid i fjor,- fordelt på 105 straffesaker og 41 sivile saker. Trass færre saker totalt, har det vore ein auke i tilviste valdssaker: 27 saker hittil i år, mot 21 saker på same på same tid i fjor. Valdssakene som er mottekne i løpet av første halvår, omhandlar alt frå uprovosert vald mellom ukjente til vald i nære relasjonar. Skadeverk, krenkingar, truslar, nærmiljøkonfliktar og økonomiske konfliktar er andre sakstypar som er mest representert blant sakene hittil i år.

- Saker tilhøyrande i Ulstein kommune har auka frå 3 saker første halvår i 2015 til 17 saker hittil i år. Valdssaker, tjuveri, nabokonfliktar, familietvistar og økonomiske tvistar er sakstypar som er representert i kommunen. I Hareid kommune er det tilvist 8 saker hittil i år, mot 11 saker på same tid i fjor. Også på Hareid er valdssaker, tjuveri og familietvistar sakstypar som er representerte, seier Kjartan Skotte, konfliktrådsleiar.

Flest menn

I alt har 124 vore påklaga i Konfliktrådet på Sunnmøre hittil i år. Antal personar fordeler seg på 27 kvinner og 97 menn. Det er flest menn i alderen 26 til 40 år som har vore påklaga hittil i år.

Sidan juli 2014 har konfliktråda hatt ansvar for dei nye straffereakasjonane ungdomsoppfølging og ungdomsstraff. Målgruppa for reaksjonane er ungdom mellom 15 og 18 år som har utført alvorleg eller gjenteken kriminalitet. Ungdomane må ta ansvar ved å møte dei som er blitt utsatt for den kriminelle handlinga. Deretter vert det etablert eit oppfølgingsteam, som følger ungdommen i den perioda straffa varer. Hittil i år har 3 ungdomar blitt oversendt frå påtalemakta for ungdomsoppfølging.

På landsplan har det vore ein svak nedgang i talet på saker, frå 4.054 saker ved utgangen av juni 2015 til 3.991 saker hittil i år. Også på landsplan er det flest valdssaker. Truslar og mobbing utgjer andre store sakskategoriar, medan tendensen med færre naskerisaker fortsetter. På landsplan har 187 ungdomar blitt idømt dei nye ungdomsreaksjonane. 164 har fått ungdomsoppfølging, medan 23 er dømt til ungdomsstraff hittil i år.

Konfliktrådet i Noreg har 22 konfliktråd med 550 meklarar.