Pål Midtsæther Grødahl (Venstre) vil fremja ein interpellasjon for Ulstein formannskap då var samla til møte i ettermiddag.
Han viser til at det nyleg er vedteke nye reglar for korleis kommunane kan få statlege inntekter. I Stortingsforliket mellom Høgre, FrP og Venstre vart det i samband med dette lagt til rette for at ein skal flytte fleire statlege arbeidsplassar ut av Oslo. Det kjem ei Stortingsmelding om dette hausten 2016.
Grødahl foreslo for formannskapet at Ulstein kommune melder seg på i konkurransen om å få tilført statlege arbeidsplassar og ber administrasjonen lage ei sak om dette. I første omgang bør ein greie ut innafor kva område Ulstein har gode føresetnader for å kunne ta imot arbeidsplassar og dernest korleis ein kan gå fram for å påverke prosessen før det vert teke stilling til kva for arbeidsplassar det er aktuelt å flytte på.
Det bør vere eit mål at før eller mest mogeleg samstundes med at Stortingsmeldinga vert lagt fram, har me klar ein handlingsplan for korleis me skal vinne fram i konkurransen, skriv Grødahl.
Samrøystes vedteke
Grødahl fekk gjennomslag for saka si i Ulstein formannskap. Alle var positive og meinte det var eit godt framlegg. Dei vedtok samrøystes at administrasjonen skal formulere ein strategi i saka.