Dagens forhandlingsmøte gjekk stort sett ut på gjennomgang av avtalen. Partane var einige om essensen av avtalen. Det var litt diskusjon rundt formuleringar og konkretiseringar. Likevel kom partane til einigheit og fekk avtalen i hamn. Det var generelt sett god tone mellom partane. Det einaste som no står att er reinskriving og liknande før utvala møtast i kveld for signering av intensjonsavtalen.

Ferdig med å bruse med fjøra

Etter møtet verka begge forhandlingsutvala til å vere nøgde med resultatet. Dei verka òg nøgde med å ha fått i hamn avtalen. Det såg tøft ut undervegs, men løysinga kom til slutt.  Anders Riise og Knut Erik Engh fortel at sjølv om forhandlingane var tøffe, så var dei heile vegen opptekne av å få til ein fornuftig avtale.

Anders Riise: - Vi har eigentleg holdt på med denne avtalen i 2,5 år på ein eller anna måte. På den måten er vi for lengst ferdige med å bruse med fjøra. Denne modningsperioda har i tillegg skapt tillit mellom partane om at ein meinar det ein sei. Ikkje minst at ein har respekt for det den andre parten meinar.

Vidare seier Riise at utvala har vore opptekne av å skape ein avtale som har heilheit i seg og balanse som gjer at den er godt salva for innbyggjarane.

Knut Erik Engh seier at han i desse forhandlingane har kjent ein underliggande vilje til å få til noko.

Engh: - Eg må seie, det har vore tøffe forhandlingar, men samtidig har det blitt gjort med respekt for kvarandre. Eg vil seie begge partar har gjort ein god jobb i forhandlingane.

Elles seier Engh at han har stor trua på avtalen og at den vil lykkast.

Satsar på tettstadane

Riise seier at når ein slår saman kommuner, så forsvinn eit av kommunesentera uansett. Og denne gongen «tapte» Hareid kampen. Samtidig fikk dei kompensert gjennom blant anna plassering av offentlege arbeidsplassar på Hareid. Han legg til at også Ulstein kan vere fornøgd på sin måte.

Engh fylgjer opp: - Sjølv om vi stod hardt på kravet vårt om kommunesenter i Ulsteinvik, så er der ein reell vilje til å satse på Hareid og at dei skal få same løft som Ulstein har hatt.

Han trur at å ha fleire offentlege arbeidsplassar på Hareid i den nye kommunen vil ha ei positiv effekt i Hareid sentrum. Det vil bli meir aktivitet og vil på den måten skape grunnlag for meir handel- og servicenæringar.

Riise: - Hovudintensjonen i avtalen, det som er definert, er at vi satsar på dei to tettstadane. Om tettstadane skal utvikle seg må vi skape ei heilheitleg kommune.

Ulstein og Hareid skal utvikle seg, men ikkje nødvendigvis på same måte. Det er viktig at begge får kvalitetar som gjer at folk vil bu der. I tillegg er begge ordførarane medvitne om å sikre veksten i krinsane. Tenesteproduksjonen vil fortsatt vere ute i krinsane.

Forandre for å forvare

Engh seier at utvikling er viktig. Han fortel vidare at i mindre kommuner handlar det meir om å få endane til å møtast. Slik det blir no vert det frigjort ressursar til utvikling.

Riise: - Ein av oss kjem til å bli arbeidsledige, og det vil bli færre av ein del ting.

Han seier vidare at dei skal nytte begge rådhusa, og altså ikkje bruke pengar på nye rådhus. Vi fordeler funksjonar på ein fornuftig måte. Mindre administrasjon gir meir pengar til utvikling.

Både Engh og Riise nemner at nokre vil nok ikkje vere nøgde med avtalen, eller samanslåinga i det heile tatt.

Kva er det viktigaste folket skal ta med seg frå denne avtalen?

Engh: - I diskusjonar, på til dømes facebook, ser eg at mange er i mot samanslåinga fordi dei meiner avstanden mellom folket og politikarane vert for stor. Eg vil be dei slå opp i atlasen og sjå på kartet, på kommunekartet, og sjå kor små Hareid og Ulstein er. Sjølv etter samanslåing er vi ei av dei minste kommunane.

Riise er einig i utsagnet til Engh.

Engh seier vidare at nokre meiner det er for store kulturforskjellar. - Vi har no ein så integrert arbeidsmarknad her og så mykje samhandling at eit slikt argument ikkje held.

Riise: - Skal ein sikre tenestenivået Hareid og Ulstein har i dag så er ikkje svaret å stå aleine. Vi må forandre oss for å forvare – altså vi må forandre oss for å bevare tilboda som er her. I tillegg vil vi gjere tenestene enda betre.

Ordførarane har trua på at samanslåinga vil ha positive fylgjer for Hareid og Ulstein. I tillegg vil dei oppmode dei som er positive til samanslåinga om å ta til ordet. Men kanskje viktigast av alt, oppmodar dei alle til å gå til valurnene når den tid kjem og gi si stemme.