Hødd-trenar Hans-Erik Eriksen var glad for dei tre poenga Hødd mot Ull/Kisa. Men lite fornøgd med prestasjonen.
Hødd tok ein knapp 1-0 siger mot Ullensaker/Kisa søndag kveld. - Det er ingen stor prestasjon av oss. Det vanskelegaste er å vinne kampar, og det klarte vi, men det var mykje av innhaldet i dag som ikkje var slik vi ønska. Men vi sleit oss til siger, og det er eg sjølvsagt tilfreds med, sa Eriksen etter kampen.
- Kva er det som ikkje stemmer?
- Vi får ikkje tak i ballen, og når vi fyrst har ballen, så spelar vi på kvar einaste fyrstebevegelse som kjem. Det gjer at vi mistar ballen for mykje og har den for lite sjølve. Dette skaper også strekk i vårt eige lag når vi skal forsvare oss, fordi vi er på veg framover - og så mistar vi ballen, seier Eriksen.
Eriksen meinte at Hødd hadde ei god midtperiode i fyrste omgang, men at både start og avslutning ikkje var godt nok.
- Andre omgang startar vi svakt før vi får ein god periode der vi scorar. Etter scoringa blir det litt emosjonelle affærer der det blir viktig å behalde poenga. Og då spelar vi dei siste 25 på det emosjonelle. Det såg ikkje bra ut. Men det kjendes jo godt å vinne, sjølv om vi enno har mykje å forbetre til neste kamp, seier Eriksen.
- Wembangomo såg ut til å bli skadd og vart bytta av midt i andre omgang. Kva kan du seie om skaden hans?
- Vanskelig å seie. Då eg spurde korleis han hadde vondt i leggen, svara han berre: ”Vondt”. Så vi får sjå utover i veka kor alvorleg skaden hans er, seier Eriksen.
- Mange etterlyser Sondre Beite på bana. Kva er din kommentar til det?
- Sondre er ein ung lovande spelar for Hødd med mange fine ferdigheiter. Og så vil vi alle sjå Sondre Beite i ein ellever, i lag med mange andre. Det handlar om rett timing, avsluttar Hans-Erik Eriksen.