Laurdag ettermiddag stoppa politiet ein bil utan registereringsmerke i Hareid. Føraren, ei kvinne i 50-åra, synte seg i tillegg å vere rusa.

Natt til søndag laga to menn i 30-åra spetakkel i Fosnavåg. Dei to mennene, som i følgje politiet er av aust-euopeisk opphav, vart sett i arrest avdi dei ikkje etterkom politiet sitt pålegg og i tillegg hindra ordensmakta i å utføre arbeidet sitt.

Elles kan politiet melde om at eit registereringskilt har blitt stole i Fosnavåg-området. Dersom det er nokon som har sett ei skilt med registreringsnummer UP 7346 vil politiet setje pris på å få tips om dette.