Til ei utlyst pedagogstilling i grunnskulen i Hareid har det meldt seg 33 søkjarar. Av desse er 27 kvinner og 6 menn.

Mykje tyder på at det å vere lærar i grunnskulen er i ferd med å bli eit reint kvinneyrke. I Herøy kommune er det 62 søkjarar til ledige lærarstillingar, og av desse er berre 8 menn.

Samtidig går det pussig nok mot  lærarmangel i Norge. Tal frå Statistisk Sentralbyrå tyder på at Norge vil mangle 38.000 lærarar i 2025.