Ulsteinrådmann Einar Vik Arset føreslå i budsjettet for dei neste tre åra at Ulstein kommune innfører eigedomsskatt. Det blir føreslått ein eigedomsskatt på to promille, men kva vil det seie?

Det er assisterande rådmann Verner Larsen som har rekna på grunnlaget for eigedomsskatt. Det kan vere litt vanskeleg å vite nøyaktig kva kommunen vil få inn, for folk bur i ulike type bustader, storleikar og husa er bygd til ulike tider.

For einebustader og småhus har han vald å settje gjennomsnittleg byggjeår til 1990, for leilegheiter til 2000. Gjennomsnittleg areal for einebustader har han sett til 228 kvm, for leilegheiter 99 kvm. Og andre bueiningar, gruppert som småhus, har han sett snittareal til 121 kvm.

Det er i det tenkte tilfellet lagt til grunn at alle bur i tettbygd strok, utan botnfrådrag.

Får inn 13,2 mill første året

Om einebustaden din har eit takstgrunnlag på 3,6 millionar kroner må du betale 4833 kroner første året. Dei neste åra må du betale 5771 kroner i året.

Om kommunen vel å skru opp grunnlaget til 7 promille, som er maks, må du betale 20 197 kroner.

Har du ei leilegheit som er taksert til 2,25 millionar er skatten første året 3019 kroner, dei seinare åra 36 05 kroner. Skrur kommunen eigedomsskatten maksimalt må du betale 12 618.

Har du eit småhus som er taksert til 2,33 millionar, blir det 3123 å betale første året, 3729 kroner dei seinare åra. Maksimalt 13 050 kroner i året.

Med desse satsane reknar Larsen med at kommunen får inn 13,2 millionar første året. Dei seinare åra blir det 15, 79 millionar. Om kommunen vedtek å leggje promillen på sju, kan dei få inn 55,2 millionar i året.

Berre nokre få hus

Larsen forklarer at dei har nytta skatteetaten sin bustadkalkulator til utrekningane. Det vil bli nokre bustader på Dimna, Ringstaddalen og Eiksund som ikkje blir rekna som i tettbygd strok, men dei fleste blir med.

Ulstein formannskap skal diskutere framlegget om eigedomsskatt og resten av budsjettet i dag, tysdag. Det blir endeleg vedteke på kommunestyremøtet i desember.