Torsdag 12. november ber Redningsselskapet og Ulstein Group inn til dåp av regionens nye redningsskøyte: "Idar Ulstein".

RS «Idar Ulstein» er finansiert av Ulstein Group, og skal ha fast hamn i Fosnavåg, men dåpen blir i Ulsteinvik.

Dei inviterer til folkefest i Ulsteinvik med høgtideleg dåp og uhøgtidleg underhaldning med Chris Masters og Ulstein mannskor. Etter dåpen blir det kake og kaffi til alle frammøtte på Quality Hotel Ulstein.

Det blir også open skøyte slik at publikum kan få omvising om bord i «Idar Ulstein», samt skøytene «Emmy Dyvi» og «Det Norske Veritas II».

Chris Masters kjem.