I helga fekk politiet to valdsaker i nabokommunane Sande og Herøy å ta seg av. Ein person vart skadd i ein finger av ein kvass gjenstand medan ein person i Sande fekk ei tann skadd.

Opninga på den nye veka er roleg for Ulstein og Hareid lensmannskontor så langt. I nabokommunane skjer det derimot litt av kvart.

* Klokka 15.05 måndag ettermiddag fekk politiet tips om ein bilførar i Volda. Bilføraren vart stogga og kontrollert, der patruljen fann ut at sjåføren hadde ei promille over lovleg verdi. Bilføraren vart teken med til legevakta for blodprøvetaking. Politiet opprettar sak.

* Samstundes skjedde ein kolliisjon mellom ein bil og ein syklist i Ålesund. Syklisten vart frakta til Ålesund legevakt for undersøking og eventuell behandling. Syklisten klaga over smerter i buken, men var elles ikkje alvorleg skadd.