Skipet er det femte Ulstein Verft leverer til Island Offshore på ti år og er av typen SX121 design. Det blir omtala som neste generasjons subseafarty. Fartyet er tilpassa dei oppgåvene det skal utføre i kontrakten med FTO, der lett brønnintervensjon (RLWI) og kontroll/vedlikehald/reparasjon (IMR) er dei viktigaste oppgåvene. Skipet er i stand til å utføre operasjonar på djupner ned til 3000 meter.

Har stor tru

«Island Performer» skal gjennomføre nokre operasjonar i haust. Eitt av oppdraga blir å gjere undersøkingar av havbotnen for Rogfast, fastlandssambandet mellom Haugesund og Stavanger. Neste år skal skipet jobbe med brønnintervensjon og IMR-arbeid i Mexicogulfen

– Dette blir det hittil største skipet i heile flåten vår. Det er eit stort potensial i det vi driv med og vi har stor tru på at det blir ein stor suksess. Det eksisterer fleire tusen subsea-brønnar som treng vedlikehald på verdsbasis, operasjonar som tidlegare vart utførte av riggar. Dette er tenester som Island Performer kan gjere. Skipet er rusta for svært krevjande operasjonar på havdjup ned til 3000 meter, seier Trond Hauge til Vikebladet Vestposten.

Han er teknisk sjef ved Island Offshore.

– Vi utviklar båtane våre basert på erfaringar vi har gjort oss med tilsvarande farty vi har i operasjon, for å utvikle eit betre produkt til kundane våre. å ligge eit steg framfor. Vi ser ikkje så mykje på kva andre driv på med. Vi har funne vår eigen veg, seier Trond Hauge.

Lokale leverandørar

Ulstein er godt nøgde med design- og byggjeprosjektet.

– Vi er svært glade for å få samarbeide med Island Offshore i flåteutviklinga deira. Dette har påverka oss i arbeidet med å utvikle framtidsretta skip. Vi har eit stort team av erfarne ingeniørar innan engineering og skipsbygging, og er derfor i stand til å tilpasse skipsdesigna til kundane sine behov, seier administrerande direktør i Ulstein verft, Kristian Sætre.

Fleire av dei om lag 200 underleverandørane er lokale, til dømes Rolls-Royce, Mare Safety, Jets, ABB, Ulmatec og Per Eide, for å nemne nokre.