Om lag klokka 13.00 tysdag køyrde ein bil i grøfta på Garnes i Ulstein kommune.
Bilen har truleg vore på veg mot Dragsundbrua og Herøy, men vore uheldig å køyrd i grøfta og enda opp liggande mot ein høg betongmur.
Bilete frå staden syner at bilen har truffe ein trappeoppgang som stikk ut ein plass langs muren.
Det er framleis ikkje kjend for Vikebladet Vestposten kva som er årsaka til ulukka, eller om det er personskade.
Vinter på staden fortel at politiet held på med oppmålingar, truleg for å sjekke bremselengde opp mot eventuelt fart.
Vikebladet Vestposten kjem attende med meir.