I ei pressemelding underteikna styreleiar Hans Olav Hasund heiter det: "Selskapet har i 2008 ikkje hatt naudsynt omsetning og inntening, og har dei siste månadene hatt problem med å gjere opp sine forpliktelsar ovanfor leverandørar og underentreprenørar. Styret gjorde den 24. november eit vedtak om ein redningspakke på 8 punkt som skulle gi grunnlag for vidare drift. Det har dessverre ikkje lukkast å kome i mål med fleire av punkta, og konklusjonen er såleis at ein ikkje lenger kan drive vidare. Styret beklagar dei følgjer dette vil få for dei involverte partane. Ein gjer vidare merksam på at den planlagde fusjonen mellom Handverksbygg og Boligsenteret ikkje er gjennomført, og at Handverksbygg as såleis ikkje er råka av konkursen."
Nyhende →
Boligsenteret As i Ulsteinvik konkurs
Styret i Boligsenteret as har slått fast at det ikkje lenger er grunnlag for vidare drift, og begjæring om oppbod vart levert.