IL Hødd Fotball har i kveld sendt ut denne pressemeldinga:

Etter sist helgs cupfinalesiger har det sportslege apparatet i klubben arbeidd med å få på plass eit best mulig opplegg i oppkøyringsperioden mot sesongen 2013. Det nye for klubben er at ein i tillegg til ordinær serie og cup, skal førebu seg til Europa-cup. Hødd kjem inn i 2. kvalifiseringsrunde, og kampane er terminfesta torsdag 18.juli og torsdag 25.juli.

2012-sesongen vart lang, intens og spennande, både i serie og cup. Derfor ser vi behov for at spelarane får seg ei periode der dei får kople ut og trene på eigahand. Trenarane skal denne veka gjennomføre spelarsamtalar med kvar enkelt, og der ein saman skal bli einige om kva som skal prioriterast i eigentreningsperioden.

Første fellestrening etter nyttår blir mandag den 14. januar. Avreise til Copa Del Sol turneringa på La Manga er alt den 21. januar. Sjølv om det hadde vore interessant å delteke i dette selskap, ser vi det som viktigare at laget får gjennomført ein god månad med trening, før ein startar matchinga. Etter dialog med NTF får vi erstatta Copa Del Sol, med eit tilpassa opplegget slik at vi reiser til Tyrkia på treningsleir i slutten av februar der vi får testa oss mot internasjonal motstand.

Allereie 12.mars er det ny treningsleir på La Manga. Når vi kjem heim frå La Manga, er det lagt opp til to treningskampar før seriestart. Helga den 23.-24. mars mot Tippeliga-lag, generalprøva er enno ikkje i bekrefta. Seriestart er søndag 7. april.

Det vi også legg opp til er ein mindre treningsleir i forkant av E-Cup kvalifiseringskampane i juli, der vi arbeidar med å finne ein internasjonal motstandar. Alt rundt dette er ikkje endeleg avklart, men blir jobba med.

Konklusjonen er dermed at vi etter nøye vurderingar vel å takke nei til Copa Del Sol, fordi vi sportsleg sett er betre tjent med det opplegget som er skissert over. Vi skal førebu oss så godt det let seg gjere til ein lang og krevjande sesong med Adeccoliga, NM Cup og Europa-cup. Eit nytt spennende kapittel i Hødd-historia blir Europa-Cup, det betyr muligheiter på ein ny arena. Vi gleder oss veldig til alle dei spennande utfordringane som møter oss i 2013.

Framover, både i desember og januar, blir den viktigaste prioriteringa å få på plass neste års spelarstall. Sjølv om vi har eit godt fundament i dagens stall, så skal ein del brikkar på plass før stallen er komplett. Målet er at vi skal ha det meste klart når vi spelar den første treningskampen i 2013. Den er mot Kristiansund BK, fredag den 8. februar i Sparebanken Møre Arena.