Dimna IL-utøvar og verdsmeister på 400 meter hekk for Norge, Karsten Warholm, stod på stand for Jets under Trebaatfestivalen fredag. Allereie ei stund før hovudpersonen dukka opp, var køa lang fram til Jets-teltet. To av dei mange borna som fekk møte Karsten var søstrene Astri (9) og Ingrid Lillebø Walsh (5).

- Det var veldig kjekt! Han var veldig kjekk og snill, sa storesøster Astri.

Veslesøster Ingrid var heilt einig i beskrivinga til søstera.

Astri fortalde Vikebladet Vestposten at ho fekk lov til å vere ekstra lenge oppe då Karsten Warholm skulle springe finalen på 400 meter hekk i London, og at både ho og mamma Hanne skreik av glede.

- Vi skreik så høgt at minstesøster Sigrid vakna, sa Astri og småflira.

Dei tilsette i Jets som stod på stand var svært nøgd med å få besøk av Karsten. Hovudpersonen sjølv var også veldig nøgd med å få treffe bygdefolket.

- Eg har blitt tatt i mot på ein veldig fin måte. Det har vore fantastisk kjekt å kome tilbake, sa Warholm.

Fekk klokke i gåve

Like før han stod på stand var Karsten Warholm innom Birger Sunde AS og fekk overrekt ei klokke i gåve.

- Seiko var ein av sponsorane for VM i London, og då Karsten blei verdsmeister kontakta vi Seiko Norge for å høyre om vi kunne gjere noko saman. Vi blei einige om at vi skulle gi Karsten ei flott klokke i gåve, og slik blei det, seier Barbro Sunde Johansen.

- Tusen hjarteleg takk, dette var veldig kjekt, sa Warholm til Barbro og dei andre tilsette ved Birger Sunde AS.