Ulstein kommunestyre valde å ikkje følgje tilrådinga frå administrasjonen i kvar den nye brannstasjonen i Ulsteinvik skal liggje. Medan assisterande rådmann og brannsjef Arne Rinar Vik foreslo å leggje brannstasjonen til Skollebakken, vedtok fleirtalet at den nye stasjonen skal liggje i Holsekerdalen (Rudtomta).

Administrasjonen sin argumentasjon for Skollebakken var at det er viktig å ha brannstasjonen i sentrum av Ulsteinvik for å få ned innsatstida, men fleirtalet i kommunestyret meinte det ikkje var lange tida som skilde tomtene.

Vil det bli eit avvik?

No har Vik sendt spørsmål til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. I brevet spør han om innsatstida ved ein eventuell ny brannstasjon på Rudtomta vil bli så lang, at direktoratet vil rekne det for eit avvik?

- Innsatstida er ein vesentleg faktor for eit kvart brannvesen, og for brannvesen med beredskapen organisert med deltids innsatsstyrke, er tidsfaktoren ofte ei utfordring, jf. forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen § 4-8, skriv Vik.

Han fortel at innsatstida til Ulstein sjukeheim (Alvehaugen) frå den nye brannstasjonen vil vere på over 13 minutt, med noverande deltidsstyrke si lokalisering.

Det vil også vere avvik på innsatstida til Kleven Verft og Ulstein Verft, men han vurderer det mest kritisk med sjukeheimen.

Før Ulstein kommune byggjer ny brannstasjon ønskjer brannsjefen svar på om ein brannstasjon på den vedtekne tomta vil føre til avvik ved eit framtidig tilsyn frå direktoratet?