Grunnen til at Flø og dei andre Flø-bøndene (og sikkert også bønder andre plassar) ikkje reknar så mykje på om avlinga er litt over eller litt under det normale, er at det har vorte færre bønder dei siste åra – og dermed større område å slå for dei som framleis held på.

– Så om avlingane skulle vere litt under det vanlege, så gjer ikkje det utslag i grunnen, seier Erling Ove.

– Betaler bøndene når dei slår gras andre stader enn på eigen grunn?

– Ja, som regel. Men det blir vel også slått gratis – og eg har også høyrt snakk om at enkelte betaler for å få slått graset, men vei ikkje om det er sant.

Sein førsteslått på grunn av vêret

Erling Ove Flø kom litt seint i gang med førsteslåtten i juni.

– Det var på grunn av ulagleg vêr i slutten av månaden, fortel han. – Det var i grunnen klart for å slå kring 20. juni, men eg måtte vente heilt til slutten av månaden før eg kom i gang. Og slik eg vurderer det, var det då ei normalavling. Middels, vil eg seie, ikkje ei spesielt god avling, men det har også mykje å gjere med kor mykje den enkelte bonden gjødslar.

Etter førsteslåtten har det vore eit rimeleg bra vêr, ikkje spesielt kaldt, men ein del væte – og graset likar godt væte. Så denne veka er eg klar til å ta andreslåtten, som ser bra ut. Ja, han blir nok betre enn førsteslåtten.

Erling Ove Flø reknar med å bruke 2-3 dagar med rundballepresse før alt er teke.

Rabbe og gulrot i september/oktober

– Kva med rotfruktene?

– Eg har både gulrøter, poteter og rabbe. Alle desse ligg godt an. Normal haustetid er september-oktober. Det blir helst litt mindre med rabbe, noko eg sjølv må ta skulda for då ugraset tok litt overhand.

– Det har vore skrive ein del om sauer som kjem bort på fjellet. Er du plaga med det?

– Nei, eg har 16-17 dyr på fjellet her ute, og dei lever, alle i hop. Det er lite av romeplanten på våre kantar. År om anna forsvinn det nokre lam, men ofte utan at vi veit kvar det har vorte av dei. Dei kan gå seg faste i ei myrhole eller falle ut for ein skrent. For fem år sidan døydde ein sau fordi han hadde rulla over på rygg utan å kome seg opp att.