(NPK-NTB): Talet på alderspensjonistar ved utgangen av juni 2017 var 906.400 personar, og Nav reknar med at vi passerer 1 million alderspensjonistar i 2021.

– Sidan pensjonsreforma i 2011 har vi sett ein kraftig auke av talet på alderspensjonistar, seier seksjonssjef i Nav, Ole Christian Lien, i ei pressemelding.

Ifølgje Lien er det særleg mange menn som har nytta seg av moglegheita til å ta ut alderspensjon før 67 år. Det er likevel flest kvinner blant alderspensjonistane, då dei lever lenger enn mennene. Samtidig har etterkrigskulla bidratt til auken.

I første halvår 2011 var talet på nye alderspensjonistar 51.700. Sidan den gong har talet på nye pensjonistar sokke for så å flate ut. I første halvår av 2016 var talet på nye alderspensjonistar 34.000, mens tilsvarande tal i 2017 har vore 33.600.

– Litt lågare prognosar enn tidlegare

Nav forventar no at talet vil flate noko ut framover.

– Prognosane er litt lågare enn tidlegare. Dette kjem blant anna av at vi har sett ein svak nedgang i talet på dei som vel å ta ut tidlegpensjon. Dette har vi tatt omsyn til i dei nye prognosane, seier Lien.

Det kan også vere at nokon har mista moglegheita til å ta ut tidlegpensjon etter heving av minstesatsane. Det er eit krav til utbetaling på minste pensjonsnivå for å kunne ta ut pensjon før ein fyller 67 år. Dette kan føre til at nokon som tidlegare hadde moglegheit til å ta ut tidlegpensjon, no har mista denne moglegheita, avsluttar han.