– Vi har ei utfordring med at ferjesambanda ligg i utkanten av straumnettet, med andre ord har vi store straumbehov der straumnetter er svakast, seier Magne Hanestadhaugen i samferdselsavdelinga i fylket til NRK.

Både reiarlag, nettselskap og vegvesenet arbeider no med å leggja til rette for dei nye miljøferjene. Arbeider medfører store kostnader. Ifølgje kanalen vil det kosta fleire hundre millionar kroner å få nok straum til dei åtte ferjekaiane.

Mesteparten av ladinga vil skje om natta, men dei nye ferjene vil også ha behov for å bli lada etter kvar tur. Dette kan igjen påverka kor hyppige ferjeavgangar dei ulike sambanda får.

Sambanda Hareid-Sulesund og Aursnes-Magerholm står først i køen for dei nye ferjene. Deretter står sambanda Seivika-Tømmervåg og Edøya-Sandvika for tur.